22 år og nytt familiemedlem!

0019

I dag har eg bursdag og min kjære er i skrivande stund veldig nøgd med å vere saman med ei eldre dame (han er nemleg tre heile veker yngre enn meg, så eg er verkeleg på barnerov). 14. mars er alltid ein strålande dag, noko resten av verda og har skjønt med at det er serieopning i fotball, Kollensøndag og ein litt tvilsam mannedag. Eg skal verkeleg nyte denne fyrste dagen i mitt 22. år:)

00311

Bursdagen skal feirast ilag med min kjære og eg syns det er så herleg å berre ta det heilt med ro på sjølve dagen. Me skal ete ute og så skal me kose oss med sjokoladekake etterpå. (Oppskrifta på den herlege kaka finn du her)

Det er ein gledens dag på fleire måtar (altså utanom at eg blir enda eitt år eldre), i går var mine foreldre og systera mi og henta ein herleg liten hundekvalp heim og Marius og eg kan nesten ikkje vente til å få sjå Cappelito i levande live i påskeferien. Vårt nye familiemedlem er ein åtte veker gammal Toller Retriever og er ifølge systera mi erstatning for storebroren hennar (altså min veslebror) som flyttar ut til sommaren. Gratulerer med hunden! Bilete kjem seinare:)

Klem frå Anne<3

Brikkane fell på plass

Min sjukdomsperiode som snart har vart i ei veke har resultert i noko “produktivt”. Eg har nemleg valt juleservise! Og valet falt på (no reknar eg med du høyrer ei fanfare inni hovudet ditt, noko a la tamtadata!): Jeanne d’Arc living sitt fantastiske servise med harlekinmønster:

kaffi

Eg kan allereie sjå for meg å drikke kaffi av desse nydelege koppane. (Eller, eg drikk vel eigentleg ikkje kaffi, men eg kan sjå for meg min kjære og våre framtidige julegjestar drikke min halvdårlige kaffi av desse nydelege koppane).

terrin

Eg gler meg til å ete smakfullt pinnekjøt på julafta av dei skjøre, kvite tallerkane, med ein terrin med juleblomar som bordpynt.

suppekopp

Eg ser for meg julegraut i dei skjønne suppekoppane og det beste er at ein kan få dette finserviset til ein overraskande billig penge. Slikt kan ein like:) Eg skal likevel ha litt Greengate til jul, men eg tenkte å avgrense det til polkadott-lattekoppar til julegløggen.

latte

Eg fann nemleg ut at det kvite og enkle passar best inn hos meg og at det hadde blitt litt krasj med eit veldig julete og fargerikt servise. Eg opplever nemleg ofte at eg finn noko eg syns er utruleg vakkert, men som ikkje passar inn hos meg i det heile. Difor er det så kjekt å kome heim til andre folk som likar ein annan stil enn meg og sjå kor flott dei har det og kor fint dei for eksempel fargerike tinga passar inn hos dei. Nokon andre som opplever dette? Eg syns at det er så godt at me er forskjellige!

I alle fall: val av juleservise? check!

Ha ein koseleg laurdag!

Klem frå Anne<3

Fredagskos

Det er sol, det er favorittmånaden mars og det er fredag. Hadde det ikkje vore for ein kranglete lungebetennelse som berre ikkje vil gi slepp på meg, hadde eg gått meg ein lang tur ute i den gryande våren i dag. Men eg fortviler ikkje, dagen skal heller nytast inne med trøysteeting av dei fantastiske påskeegga frå Freia, diverse nye interiørblad, sport på fjernsynet og gullrekka og kjærastarmkrok til kvelds.

p_skegodt_p_skeegg_1007750t

Endeleg kom det nyaste Jeanne d’Arc Living-magasinet i postkassa mi og etter å ha høyrt mykje skryt av denne utgåva rundtom på bloggane i det siste, gler eg meg til å krølle meg saman i sofakroken med dyne, eit glas brus og det vakre bladet.

jeanne-d-nr-2-10-collage

Og det er akkurat det eg ska gjere no! Sjuk eller frisk, det er viktig å gjere det beste ut av situasjonen uansett:)

Ha ei herleg helg, alle saman!

Klem frå Anne<3

Solskinn

Tusen takk til Camilla’s vidunderlige verden for ein koseleg solskinnsaward! Bloggen til Camilla er verkeleg verdt eit besøk også er ho så flink til å legge igjen koselege kommentarar:)

solskinn

Denne vårlege awarden skal vidare til heile 12 stykker, men det er jo ingen problem når det fins så mange flotte bloggedamer der ute. Det er jo kommentarane frå dykk og slike koselege utmerkingar som gjer blogginga så gøy! Eg set utruleg stor pris på alle dei skjønne kommentarane eg får og eg vil gi denne awarden vidare til nokre av dei som ofte legg igjen ei helsing hos meg. De er de som gjer at eg fortset og blogge og så har de så nydelege bloggar:

Jannes lille sted

Liven

Min vinterverden

Idun lager et hjem

Pink lady and the polkadots

Guttemamma

Det lille ekstra

Ultima Thule

Vakre tanker

Kristin’s hus

A brighter day

Karoline si bølledansande verd

Ha ein herleg dag alle søte bloggarar!

Klem frå Anne<3

Nydeleg bestikkasse

Ein vakker bestikkasse har flytta inn i heimen vår og pyntar så flott opp på kjøkenbenken.

bestikk

Kassen er kjøpt på Joveli Living og har vore i heimen vår ei stund no, men endeleg har eg tid til å vise den fram. Det vakre Hardangerbestikket Nina bur i bestikkassen og er det bestikket me brukar til vanleg. Viss du ser godt etter kan du sjå at sølvskeia i sukkerskåla (som forresten var eitt kupp til 30 kr i ein bruktbutikk) er i mønsteret opphøyet rose som eg samlar på.

0154

Oppå den skjønne bestikkassen står og ein madonna med barn som også var eit kupp 30 kroner på brutkbutikken som ligg rett over gata. Her ligg skeier i Greengate sin Claire Multi og ein søt telyshaldar som skapar stemning når eg lagar mat på kjøkenet. Det er så koseleg å dille og dalle for å gjere det vakkert rundt seg!

01410

Over kassen heng ein flott plakat som er ein reproduksjon av eit gammalt motiv og ein hjarteranke på hjartestativ er prikken over i’en i bestikkassehjørnet på kjøkenet.

0202

Sjølv om ein slik kasse tar stor plass på kjøkenbenken, syns eg det er praktisk å ha bestikket så lett tilgjengeleg. Og med ei skuffe nederst er det og plass til serveringsbestikk som blir brukt til dagleg. Men viktigast av alt (i alle fall for meg) så er det så utruleg dekorativt med ein slik innretning på kjøkenet!

Ha ein flott dag mine vener!

Klem frå Anne<3

Bursdagsønske

På søndag fyller eg 22 år og herlegheit som tida fyk! Det kjennes som om 21 års dagen min var i går og det kan vel ikkje vere eit heilt år sidan sist påske? Nei, det er viktig å nyte dagane, spesielt når dei går så fort!

Sjølvsagt ynskjer eg meg saker og ting i år også og heilt øvst på lista står denne fantastiske tallerkenhylla frå Landstil. Eg har nemleg funne ut at småmøblar er tingen for å skape stemning når det skal flyttast heilt til Trondheim til hausten. Møblane i leilegheita i Bergen skal forhåpentligvis seljast og ein må jo byrje ein plass med nye møblar. Så hjelp det jo veldig at akkurat denne hylla er heilt nydeleg.

hylle

Også ynskjer eg meg Greengate sånn at eg slepp å drøyme om det om natta;) Her er nokre gode forslag:

claire-multi

Skjønn lattekopp i Claire Multi hadde vore midt i blinken. Denne kan eg drikke smoothie i, men den kan også brukast som blomsterpotte!

kopp1

Når det gjeld mitt forrige, litt besatte innlegg så takkar eg for gode svar på kva eg skal velje som jule(!!)servise. Eg har kome fram til at eg skal nytte det vakre Edmeserviset som eg samlar på, men at eg kan spe på med dei søte lattekoppane frå Greengate i mønsteret Spot Red. Perfekte til å ha gløgg i til jul og verkeleg ei perfekt gåve til meg:)

cup-dot-blueDei blå Greengatekoppane syns eg og er søte også så vakre med blomar i. Dei kan godt ligge innpakka på bursdagen min, ja!:)

vaskDesse vaskemiddelboksane frå Wallas Verden hadde skapa orden hos meg, og dei er så fine!

edme_lifestyle

Så ynskjer eg meg fleire delar til det flotte serviset eg samlar på, Edme. I år står serveringsfat og dei flotte dessertskålene på stett høgast på ynskjelista for eg byrjar etter kvart å få ei fin samling. Lønner seg å samle på servise frå Glassmagasinet som ofte har 50 % på varene sine veit de:)

paskeegg

Huff, det blei ikkje ei kort liste i år heller, det er alltid noko nytt for ei interiørdame å drøyme om! Mitt høgaste ønske for bursdagen min er likevel at dagen blir god og at fellesfeiringa av min kjære og meg i påsken med familiane våre blir koseleg.

PS! Påskeegga frå Jeanne d’Arc Living som Frk Lande sel er flotte og;)

Ha ein nydeleg marskveld!

Klem frå Anne<3

Jul i mars?

Det er rart kor rastlaus ein kan bli når ein er sjuk og har fått beskjed om å halde seg i ro. Eg er den fyrste til å innrømme at eg er som ein trassunge som ikkje vil ligge på sofaen når eg får beskjed om det, sjølv om det eigentleg er godt med avslapping innimellom. Men neida, eg vil slappe av når eg VIL slappe av og ikkje når eg MÅ. Nokon som kjenner seg igjen?

Bilete frå Greengate.dk

Bilete frå Greengate.dk

Poenget er i alle fall at når kroppen kviler så går hjernen på høggir og tankane flyr. Men no byrjer eg til å med å lure på meg sjølv fordi det som konstant kvernar inni hovudet mitt er kva juleservise eg skal samle på. “Kor høg feber har du eigentleg?” var min kjære sin sarkastiske bemerkning då eg spurte han om knallraudt servise med raude prikkar var litt for mykje for meg. Mitt svar var at han like godt kunne jatte med, noko han var med på med ein gong fordi han veit at eg ikkje klarar å få det ut av hovudet før eg har bestemt meg.

Så ber over med meg, kjære vener, når eg spør: Kva juleservise syns du eg skal samle på?

kopp

Eg heller mot dette vakre serviset frå Greengate, men er litt redd for at eg skal bli lei og at det blir litt valdsamt for ei sart sjel som meg. Det er ikkje tvil om at det er vakkert, men er det tidlaust?

fat

Eg var verkeleg sikker på at det var dette eg ville ha, men blei plutseleg i tvil. Har eg for mykje tid til å tenke? Kanskje, men eg vil vere heilt sikker i mitt val, det er jo som kjent ganske dyrt å kjøpe eit heilt Greengate-servise.

kopp2

I dag kom eg innpå tanken om å nytte denne fargen til jul i staden for. Naomi Beige frå Greengate er jo litt meir diskret og passar kanskje betre inn hos meg. Men her var min kjære heilt klar på at dette verkeleg ikkje var noko juleservise (eg elskar han sånn for at han argumenterer for og mot om eitt tema han ikkje kunne brydd seg mindre om!).

fat2

Har han rett? Blir det for lite julete? Huff, dette syns eg er vanskeleg og mitt problem er at eg blir så opphengt i det. Eg drøymer om det om natta og tok meg sjølv i å vakne opp med eitt “beige, beige!” når eg tok ein liten lur i stad. Kanskje treng eg profesjonell hjelp for å vere så besatt av julete ting i mars, ikkje veit eg, men det er så herleg når bitane til slutt fell på plass;)

servise

I tillegg har eg falt litt for Tilbords sitt mønster Holly og eg har allereie nokre grauttallerkar i dette. Syns likevel ikkje at koppane her er så fine, så trur eg skal avgrense meg til grautfat i denne serien. Det er altså kaffiservise til jul eg er ute etter no:)

Viss de har nokre forslag utanom dei som eg allereie tenker på så blir det motteke med takk, men akkurat no er det desse det står mellom. Hjelp meg! Hihi.

Ha ei fin-fin veke!

Klem frå Anne<3

På ei hylle på kjøkenet…

… står mitt nye vakre Greengate-servise.

0068

Claire Multi var som sagt ei tidleg bursdagsgåve frå min kjære og det er berre heilt nydeleg. Eg har no 12 asjettar, 12 kaffikoppar med fat, to skåler og to teskeier i mønsteret og eg er så nøgd! Me brukar det heile tida og ellers så står det og pyntar så flott på hylla over kjøkenvasken. Det er så utruleg dekorativt og eg kan ikkje sjå meg mett på det.

0058

Det er rart kor glad slike materielle ting kan gjere ein, men eg må innrømme at eg har drøymt om Greengate om natta og at eg tar turar innom kjøkenet berre for å sjå på serviset og smile. Mariusen min ler hjarteleg når eg seier “ååååå, det er så fint” kvar gong me skal ete eit måltid.

0104

Lattekoppen i Naomi Beige blei med meg heim frå min favorittinteriørbutikk, Fem Høns, då me var heime på Stord forrige helg. Eg som aldri drikk noko varmt har derimot funne ut kor vakre dei er med blomar i, her prydar ein hjarteranke hylla mi.

0029

Ellers så har eg no fullført praksisen i TV2 og eg hiv janteloven til side og proklamerer kor stolt eg er over meg sjølv. Det er inga betre kjensle i verda enn å kunne seie til seg sjølv at “eg klarte det”, til trass for alle hindringar på vegen!     Eg unnar verkeleg alle å kjenne på den kjensla innimellom for det fortener de!

0123

Ei strek i rekninga er at eg har klart å dra på meg ein irriterande lungebetennelse i kjølvatnet av to månaders jobbslit, så den neste veka skal eg tilbringe på sofaen med ei god bok, fjernsyn og pcen. Til trass for å vere sjuk og sliten kan eg ikkje slutte å smile, for eg kom meg over den største bøygen og eg kjem til å ha ein bachelorgrad til sommaren. I tillegg var TV2-jobben lærerik og utruleg gøy, noko eg ikkje hadde trudd eg skulle orke å kjenne på i det heile. Eg er så glad!

Ha ei herleg veke alle saman og våg å vere stolte over dykk sjølve!

Klem frå Anne<3

Til duk og dekka bord

0028

For nokre dagar sidan fekk me besøk av eit venepar som såg OL saman med oss. Det var så koseleg fordi me ikkje hadde sett kvarandre på lenge og kvelden var prega av latter og heiing. Bileta av det dekka bordet blei dessverre litt dårlege i det svake lyset, men eg syns at borddekkinga blei sommarleg og fin. Ein må late litt som når det er ein meter snø utanfor vindauget:)

0067

Bordet blei dekka med dei vakre Green Gate-asjettane, og vafler og vaniljehorn med melis stod på menyen.

00310

I helga skal min kjære og eg heim til foreldra mine og eg gler meg sånn til  å besøke dei vakraste interiørbutikkane i landet, Fem Høns og Frk Lande.

0087

I tillegg får eg endeleg opne pakken frå Låvebutikken med meir Green Gate! Den har stått uopna alt for lenge hos mamma og pappa no!

0018

Eg ser verkeleg fram til å besøke familie i helga, og så har eg store planar om å gå i barndomen og ake og leike i snøen med mi herlege veslesyster.

Håpar alle får ei fantastisk helg!

Klem frå Anne<3

All by myself…

For fyrste gong sidan me flytta inn i leilegheita for snart to år sidan, tilbringer eg helga utan min kjære. Han har reist til foreldra sine og eg har for tida ikkje overskot til å bli med. Alle krefter er no retta mot å fullføre praksisen, og det skal eg klare!:) Og sjølv om eg sjølvsagt saknar Mariusen min er det litt herleg å ha eitt par dagar kun i mitt eige selskap.

0039

I går rydda eg i interiørblada mine og satte mine favorittartiklar i ein svær perm, slik at eg kunne kaste ein del av den enorme bladbunken (Jeanne d’Arc Living-magasinet syns eg derimot var for fint til å klippe i, så dei blir tatt vare på). I dag skal eg fyre i peisen, tenne stearinlys, lese gjennom min nye perm og berre kose meg. I kveld blir den enda meir OL-heiing, og kanskje må ein skikkeleg jentefilm til og? I morgon kjem min kjære tilbake og eg gler meg allereie!

0017

Dagens bilete viser den fantastiske kyrkjekandelaberen som eg kjøpte i praksisgåve til meg sjølv frå Hjortgården i Sverige. Den er så fin og eg klarar nesten ikkje ta augo frå den! Den søte blomen på biletet over overraska min kjære meg med før han reiste, og eg berre smilar når eg ser på den. Det er verkeleg dei små tinga som betyr noko:)

00411

Eg syns det er godt å kjenne på at ein saknar nokon, for då får ein ei påminning om kor mykje personen betyr for ein. Difor er det kanskje viktig å vere borte frå kvarandre innimellom, slik at ein kan kjenne på desse kjenslene, og så blir det jo desto betre når ein ser kvarandre igjen.

No skal eg ete eit nydeleg Freia-påskeegg til dessert etter rundstykkefrukost. Denne dagen blir fin:)

Ha ei god helg saman med dykkar kjære, mine vener!

Klem frå Anne<3